Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Vitskapleg assistent ( 30%) ved institutt for samanliknande politikk

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
CompanyUNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
CategoryUncategorised
LocationNO
Remote
EmploymentContract
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted14 Aug 2026
Last verified14 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Vitskapleg assistent Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 30% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 1 år. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år. Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Stillinga er knytt til prosjekta «Representing the Future in an Aging Europe» og «Addressing Structural Barriers to Gender Equality in the Social Sciences». Arbeidsoppgåver: Støtte til prosjektteamet i organisatoriske og administrative oppgåver (f.eks. organisering av workshops og andre arrangement) datainnsamling datahandtering (undersøking av databasar, koding av data) andre oppgåver knytt til dei to prosjekta Kvalifikasjonar og eigenskapar: Kvalifikasjonar Bachelorgrad i samanliknande politikk eller tilsvarande God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg God administrativ IT-kompetanse Personlege eigenskapar Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Vi tilbyr: Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø Årsløn som vitskapleg assistent, stillingskode 1019, kr. 470 200, - ( i 100 % stilling) ved tilsetjing. Kandidatar med mastergrad, kode 1020, vil bli løna med årsløn kr. 519 400, - (i 100 % stilling). Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.) Søknadsfrist: 01.09.2026. Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Jana Belschner, [email protected] Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her . Om arbeidsgiveren: Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakulte t og tilhøyrande institutt.