Vikariat vakande nattevakt
OSTERØY KOMMUNE PPT-KONTORET
| Company | OSTERØY KOMMUNE PPT-KONTORET |
| Category | Security |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Temporary |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 4 Aug 2026 |
| Last verified | 12 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Om stillinga Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. Hauge bustad har no ein ledig vikarstilling på 21,65 % storleik som vakande nattevakt med arbeid kvar 4. helg. Stillinga er i forbindelse med foreldrepermisjon, og er ledig frå 01.09.26 til 28.02.27. Vi som arbeider ved Hauge bustad ønskjer oss ein ny kollega som både kan, vil og ønskjer å bidra med fagleg engasjement og omsorg. Det er viktig at du er ein trygg og roleg person som kan gje god omsorg til andre menneske, og er god på relasjonsbygging og kommunikasjon. Om du tenkjer at dette kunne vere noko for deg, ønskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette Arbeidsoppgåver Bidra til omsorg, pleie og målretta miljøarbeid. Følgje opp tiltak og prosedyrer. Oppdatere og vedlikehalde ulike prosedyrar. Medikamenthandtering. Journalføring - avvikshandtering. Førefallande arbeid. Vi tilbyr Varierte arbeidsoppgåver. God opplæring. Inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Høg fagleg kunnskap hos dine kollegaer. Gode pensjons- og forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune. Du vil i aller høgste grad få ein arbeidskvardag med viktig og meiningsfylt arbeid! Kvalifikasjonskrav Fagbrev innan helsefag/barne-og ungdomsarbeidar eller erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming. Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming. Må kunne arbeide sjølvstendig. Kjennskap til kap 9 tvang og makt er ønskjeleg. Sertifikat klasse B er ønskeleg. Personleg egnethet vil bli vektlagt. Om du får tilbod om stilling må du legge fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. Kven er du? Du er punktlig og til å stole på. Du er ansvarsbevisst. Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere. Du er god på å samarbeide med andre. Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med. Du er pålitelig, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar! Du er fleksibel og gjer det som trengs. Du er lojal mot felles beslutningar. Du spør når det er noko du er usikker på. Du har god skriftleg framstillingsevne og gode datakunnskapar. Personlig egnethet vil verta vektlagt Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! Om arbeidsgiveren: Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Vale