Stranda kommune søkjer fastlege
STRANDA KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
| Company | STRANDA KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON |
| Category | Uncategorised |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Temporary |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 29 Jul 2026 |
| Last verified | 6 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Kvifor velge Stranda ? Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag. Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. B ur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling frå dags dato til mai 2027, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS). Stillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett . Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS. Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky. Kvifor velge Stranda legekontor? Legekontoret er veldrive Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar Fastløn og 15 % omsetningsløn Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag. Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II Kommunen er godkjent utdanningsverksemd ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid) Gode pensjons- og forsikringsordningar Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon
Legevaktordning Interkommunal legevakt med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell Fastlegar deltek primært i vakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00 Lav vaktbelastning Kvalifikasjonar Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege Gjennomført LIS1 Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg Førarkort for personbil Personlege eigenskapar Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Fleksibel Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. KontaktinformasjonJosefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089
Inge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, 46411094
ArbeidsstadØyna 13
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5152519485
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 12.08.2026
Om arbeidsgiveren: Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet d