Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Stilling i Rus- og psykisk helseteneste

VESTRE SLIDRE KOMMUNE PSYKISK HELSETENESTE
CompanyVESTRE SLIDRE KOMMUNE PSYKISK HELSETENESTE
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentTemporary
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted3 Aug 2026
Last verified11 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Vestre Slidre kommune har en ledig midlertidig stilling i psykisk helse- og rusteneste (60-100% stilling frå hausten 2026 til og med juni 2027)  Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg.  I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rustenesta, helsestasjons- og skulehelsetenesta, familie rettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rustenesta er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fem tilsette i til saman 4,4 årsverk. Ei av stillingane har funksjon som barne- og ungdomslos og har kontor på skulen.  Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men det kan vere aktuelt med lågare stillingsprosent dersom søkjaren ønskjer det. Den som blir tilsett, må vere innstilt på å vikariere som barne- og ungdomslos i perioden frå januar til og med juni 2027. Stillinga er ledig for snarleg tiltreding. Hjå oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, høve til fagleg utvikling og moglegheita til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!  Arbeidsoppgåver Klinisk jobbing, kartlegging, vurdering og behandling individuelt  Hausten 2026: hovudsakeleg oppfølging av vaksne personar, men også noko oppfølging av barn og unge  Fyrste halvår 2027: vikariere for barne- og ungdomslos på skulen med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn og noko oppfølging av vaksne personar  Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen  Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt  Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar  Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter  Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya  Kvalifikasjonar 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant kompetanse (t.d. helsefagarbeidar)  Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg  Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd.  Førarkort klasse B  Personleg egnaheit vil bli vektlagt   Personlege eigenskapar Må trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ  Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere  Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne  Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø  God munnleg og skriftleg framstillingsevne  Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper  Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving  Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling  Vi tilbyr Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting  Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog kvar veke  Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid  Gode pensjonsordningar  Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar  KontaktinformasjonMelanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, [email protected] ArbeidsstadSlidrevegen 16 2966 Slidre Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune Referansenr.: 5152981270 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 25.08.2026 Om arbeidsgiveren: Andre opplysningar   Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. D