Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Sommarvikar vedlikehald i Hundvin Naturbarnehage

HUNDVIN NATURBARNEHAGE AS
CompanyHUNDVIN NATURBARNEHAGE AS
CategorySkilled Technician
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted22 Jun 2026
Last verified9 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Hundvin Naturbarnehage treng hjelp til å gjere barnehagen klar til eit nytt barnehageår. Arbeidet skal gjerast i veke 29–32. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som er sjølvstendig, pliktoppfyllande og nøyaktig. Du må kunne ta ansvar, møte til avtalt tid og gjere ein god jobb -- både på eiga hand og saman med andre. Dette passar for deg som likar praktisk arbeid, er løysingsorientert og synest det er kjekt å sjå resultat av arbeidet du gjer. Er du interessert, eller kjenner du nokon som kan vere aktuell? Ta kontakt med Hundvin Naturbarnehage for meir informasjon. Arbeidsoppgaver Oppgåvene kan mellom anna vere: vasking innvendig og utvendig måling innvendig og utvendig montering av nye møblar køyre vekk avfall gjere rom og uteområde klare til oppstart andre oppgåver Vi tilbyr Løn etter PBL-tariff Om arbeidsgiveren: Hundvin Naturbarnehage ligg fint til med naturen tett rundt seg. Vi brukar naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet og legg til rette for leik, undring, læring og gode opplevingar ute gjennom heile året. Hos oss blir du del av den vesle barnehagen med det store hjartet - ein arbeidsplass med høg fagleg kvalitet, engasjerte tilsette og korte vegar frå idé til handling. Tryggleik, omsorg og glede står sentralt i kvardagen vår. Gjennom leik, kvardagssituasjonar og gode relasjonar arbeider vi for at kvart barn skal oppleve meistring, fellesskap og utvikling.