Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Sjukepleiar - spesialsjukepleiar

Undisclosed company
CompanyUndisclosed company
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted14 Jul 2026
Last verified3 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag ved eit lokalsjukehus med breitt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter? Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar i kombinert stilling ved medisinsk sengepost og medisinsk poliklinikk. For intern søkjar kan stillinga bli organisert som 100 % ved medisinsk sengepost. Stillinga er i utgangspunktet ikkje planlagd delt. Er du spesialsjukepleiar og ønskjer å vere med på utvikling av nye tilbod ved poliklinikken, oppmodar vi særleg deg til å søkje. Arbeidstid Arbeid i snitt kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter i helg  Om medisinsk sengepost Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp. Om medisinsk poliklinikk Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan fleire indremedisinske fagområde, mellom anna hjarte- og mage-/tarmsjukdomar. Vi har også infusjonspoliklinikk med hovudvekt pkreftbehandling og behandling av mage-/tarmsjukdomar. Kvifor velje Lærdal sjukehus? Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter. Kvifor bu i Lærdal? Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her:  Lærdal kommune. Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiarane. Arbeidsoppgåver Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikk Sjukepleie til medisinske pasientar Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga Samarbeid i team med andre yrkesgrupper Delta i opplæring og rettleiing av studentar Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg  Erfaring innen overvaking blir vektlagt Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan kardiologi eller intensiv, men ikkje absolutt krav Gode IKT-kunnskapar Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne Personlege eigenskapar Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø  Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Personalhytte på Filefjell Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH, 415 30 456, [email protected] Anja Myklemyr, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, 975 38 392, [email protected] Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar medisins