Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK
| Company | HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK |
| Category | Healthcare |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Temporary |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 15 Jul 2026 |
| Last verified | 5 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Vil du bli ein del av teamet vårt? Vi har ledig eit 75 % vikariat som sjukepleiar ved akuttmottaket på Volda sjukehus. Her får du arbeide i ei spennande og variert avdeling med høgt tempo, sterkt fagleg fokus og godt tverrfagleg samarbeid. Vikariatet varer ut februar 2027, med oppstart 1. september eller etter nærare avtale. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver Arbeid i tredelt turnus (dag-, kveld- og nattevakter) med arbeid kvar tredje helg Ivaretaking av akutt og kritisk sjuke pasientar, og oppfølging av deira pårørande Tett samarbeid med kollegaer i tverrfaglege team Sjølvstendig utøving av sjukepleiarfaglege oppgåver og ansvar Halde deg fagleg oppdatert og aktivt nytte avdelinga si kompetanse- og læringsplattform Kvalifikasjonar Gyldig norsk autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar Minimum to års erfaring som sjukepleiar, gjerne frå akuttmedisinsk verksemd eller spesialisthelsetenesta Personlege eigenskapar Du er positiv, engasjert og trivst i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling Du er fleksibel og tilpassar deg raskt nye situasjonar og utfordringar Du har godt humør og bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Du er løysingsorientert og bevarer ro og oversikt i hektiske situasjonar Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både kollegaer, pasientar og pårørande Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg aktivt til fagleg utvikling i avdelinga Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. KontaktinformasjonHedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, 70058686, [email protected]
ArbeidsstadKløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5155538781
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 01.08.2026
Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga