Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Sjukepleiar og vernepleiar til Divisjon psykisk helsevern

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
CompanyHELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted20 Jul 2026
Last verified12 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern.  Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Lokal sikkerheitspost (LS) : Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. *  100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus Regional sikkerheitspost (RS) : Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. * 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg Psykiatrisk klinikk:  Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke *    Avdeling for stemningslidingar,   Seksjon S6 har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg *    Avdeling spesialisert psykose , Seksjon S4 har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg *   Klinikk psykisk helsevern for barn og unge,   PBU Ungdomspost har ledig 100% fast stilling som vernepleiar, 2-delt turnus og i snitt kvar 4. helg på Akuttposten *   Kronstad DPS, Psykose døgnbehandling har ledig   100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga er ei kombinasjonsstilling der pt 60% av stillinga ved Kronstad, Psykose døgn og 40% er ved Bemanningssenteret i føretaket. Stillinga ved Kronstad er i 2 delt turnus, jobb kvar fjerde helg. Stillinga er ledig frå 14. september eller etter nærare avtale. Bemanningssenteret  Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet.  Arbeidsoppgåver Klinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg  utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø. 15 000 kroner pr år i særtillegg. Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348  Regional sikkerheitspost (RS) her har kvar pasient har ei tverrfagleg team som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk fo