Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Sjukepleiar og vernepleiar – faste  stillingar på natt ved Psykiatrisk klinikk

HELSE BERGEN HF PSYKIATRISK DIVISJON PSYKIATRISK KLINIKK SANDVIKEN
CompanyHELSE BERGEN HF PSYKIATRISK DIVISJON PSYKIATRISK KLINIKK SANDVIKEN
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted27 Jul 2026
Last verified9 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar. Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum. Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern.  Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk.     *  Avdeling for stemningslidingar ,   Seksjon S6 har ledig 50-80% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg *    Psykiatrisk akuttmottak , PAM1   har ledig 80-100% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke *   Avdeling Alderspsykiatri   har ledig 50% fast stilling og søker sjukepleiar på natt, pt kvar 3. helg *   Lokal sikkerheitspost (LS):  har ledig 70-100% fast stilling på natt, pt 4. kvar helg med langvakter på helg. Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. Arbeidsoppgåver Avdeling Stemningslidingar  har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.  Seksjon S6  er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.  Kontakt:  Jan Legreid, Tlf. 55958762 Psykiatrisk akuttmottak (PAM)  har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern. PAM1 har som oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. PAM1 er ein spennande, hektisk og utfordrande arbeidsplass, der du får nytte din faglege og personlege kompetanse. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø. Vi søker ein ansvarsbevisst sjukepleiar  Kontakt:  Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712 Avdeling Alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og  biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand. Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og