Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Sjukepleiar-100% fast

VINJE KOMMUNE HEIMETENESTER AVD RAULAND HEIMETENESTER
CompanyVINJE KOMMUNE HEIMETENESTER AVD RAULAND HEIMETENESTER
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted10 Aug 2026
Last verified10 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid? I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. D røymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. Hos oss arbeider me tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenter med opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen. Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter Mulighet for langvakter. Arbeidsoppgåver Sjukepleiarfagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, elevar og studentar ved behov Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå pleie- og omsorgstenesta er ein fordel Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: ønskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert trivst med ansvar og tek initiativ møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing Vi tilbyr Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde God opplæring og tett fagleg oppfølging Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Moglegheit for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass Gode lønnsvilkår med lokal stige God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. KontaktinformasjonBjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553 ArbeidsstadSetali 6A 3864 Rauland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5149018374 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.