Senior rådgjevar - Progresso AS
visere
| Company | visere |
| Category | Operations & Admin |
| Location | — |
| Remote | — |
| Employment | Not stated |
| Level | Senior |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 18 Apr 2026 |
| Last verified | 12 Aug 2026 |
| Source | Employer ATS (teamtailor) |
Description
Progresso AS søkjer ein erfaren og forretningsorientert senior rådgjevar som ønskjer ei sentral rolle i vidareutviklinga av kundane og verksemda vår. Hos oss får du bruke fagkompetansen din i skjeringspunktet mellom rekneskap, rådgjeving og forretningsforståing - i eit solid fagmiljø med stor tillit, høg kvalitet og lokal forankring. Vi er i dag 11 engasjerte kollegaer som held til i moderne lokale på Horne Brygge i Florø. I same bygg finn du søsterselskapet vårt, ECIT Services – saman utgjer vi eit fagmiljø med 26 medarbeidarar i Florø og Førde. Trivsel, samhald og fagleg utvikling er viktige verdiar hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der du både kan prestere og trivast. Progresso har høg kundetilfredsheit og eit sterkt omdøme i regionen, noko som speglar kvaliteten i leveransane våre. Auka pågang frå nye kundar og behovet for å styrkje kapasiteten knytt til rådgjeving, vår gjer at vi no søkjer ein senior rådgjevar til ei sentral rolle i selskapet. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å vere ein strategisk og fagleg sparringspartnar for kundane våre, og som trivst med ansvar, komplekse problemstillingar og stor variasjon i arbeidskvardagen. Vi ser etter ein person som kan ta ei sentral rolle innan område som årsoppgjer, rapportering, økonomisk rådgjeving og kundedialog, og som ønskjer å bidra til både fagleg utvikling, kvalitet i leveransane og vidare vekst i Progresso. Dette er ei nøkkelrolle for Progresso, og arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i noko grad kunne tilpassast erfaringa og spisskompetansen til den rette kandidaten, for å vidareutvikle ein viktig kompetanse knytt til rådgjeving i selskapet. Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver Som senior rådgjevar i Progresso får du ein variert og viktig kvardag, der du jobbar tett med både kundar og kollegaer. Du vil vere ein fagleg sterk samtalepartnar for kundar med behov for meir enn tradisjonell rekneskapsleveranse, og bidra i oppdrag som krev høg kompetanse, god forretningsforståing og trygg rådgjeving. Sentrale oppgåver: Rådgjeving og tett dialog med kundar innan økonomi, drift og utvikling Utarbeiding og oppfølging av rapportering, analysar og beslutningsgrunnlag Årsoppgjer, skattemelding og andre avsluttande oppgåver Bidra i større og meir komplekse kundeoppdrag Fungere som ein strategisk sparringspartnar for leiing og eigargruppe hos kundane våre Fagleg støtte og rettleiing til kollegaer internt Bidra til vidareutvikling av leveransar, område knytt til rådgjeving og kundearbeid Moglegheit for deltaking i utleigeoppdrag, prosjektarbeid og spesialiserte oppdrag knytt til rådgjeving Dette kan vi tilby deg I Progresso får du ei rolle der du verkeleg får brukt breidda i kompetansen din. Du vil få arbeide med kundar som ønskjer meir enn rein produksjon, og du får høve til å påverke både innhald i eiga rolle og korleis vi vidareutviklar tilbodet knytt til rådgjeving hos oss. Dette er ei stilling med mykje tillit, stort handlingsrom og høve til å setje faglege spor. Vi er opptekne av å vere i førarsetet når det gjeld moderne, effektive og digitale løysingar, og ønskjer medarbeidarar som vil vere med og utvikle både prosessar, tenester og kundeverdi vidare. Hos oss blir du del av eit miljø med høg kompetanse, korte avstandar og stor grad av samarbeid. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der vi legg stor vekt på trivsel, kultur og fagleg utvikling. Som medarbeidar hos oss får du tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og nettverk på tvers av avdelingar og fagområde. Kven er du? Som person trur vi at du er fagleg trygg, har god forretningsforståing og evnar å skape tillit både hos kundar og kollegaer. Du trivst i dialog med kundar, likar å forstå verksemdene deira og har evn