Reinhaldsoperatør
HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
| Company | HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS |
| Category | Skilled Technician |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Temporary |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 7 Aug 2026 |
| Last verified | 8 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Er du vår nye reinhaldsoperatør? Vi har no ledig to 1års vikariat ved avdelinga vår. Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. I avdeling for husøkonomi blir du ein del av ein kultur der det er forskjellane våre som bringar oss videre. Det er ein inkluderande gjeng frå 14 ulike nasjonalitetar. Stillingane inngår i ein firevekesturnus med arbeid på dagtid, éi veke kveld og kvar fjerde lørdag.
Kva går jobben ut på?
Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar. Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens. Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar. Smittereinhald etter angitt prosedyre. Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800. Bruk av digital reinhaldsplan - CleanPilot. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget, lang erfaring frå reinhald kan kompensera for utdanningskravet. Ønskeleg med erfaring i smittereinhald, periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar. Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800. Grunnleggjande IKT kompetanse. Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du arbeider både sjølvstendig og i team er positiv, åpen og imøtekomande har god arbeidskapasitet tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver Personlege eigenskapar blir vektlagd. Vi tilbyr Moglegheit for personleg og fagleg utvikling. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den tilsette kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale. God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring. Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag. KontaktinformasjonJarle Reinertsen, Avdelingsleiar
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5161080779
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 21.08.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .