Rådgjevar/seniorrådgjevar
Undisclosed company
| Company | Undisclosed company |
| Category | Uncategorised |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Senior |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 20 Jul 2026 |
| Last verified | 10 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Om stillinga og arbeidsstaden Du er ikkje kven som helst. Du er ein som ser behova til barna, forstår kor viktige trygge rammar er, og veit at gode fosterheimar kan endre liv. I Bufetat får du ikkje berre ein jobb – du får ei rolle i eit viktig samfunnsoppdrag, der innsatsen din bidreg til at barn og unge får tryggleik, tilhøyrsle og gode oppvekstvilkår. No søkjer vi deg som vil bruke kompetansen din til å finne gode løysingar for barn som treng fosterheim, og som ønskjer å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i fosterheimstenesta i Region vest. Fosterheimstenesta er delt inn i fire regionale avdelingar: rekruttering, opplæring, formidling og kompetansestøtte. Til saman har tenesta 64 årsverk. Fosterheimstenesta Region vest, har no ledig to 100 % stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar. Den eine stillinga er fast og ligg i rekrutteringsavdelinga, medan den andre er eit vikariat i formidlingsavdelinga. Det kan bli aktuelt å tilsetje i ytterlegare ein fast stilling. Vi ønsker fortrinnsvis tilsette som kan ha kontorstad på lokasjon Haugesund, men det kan også være aktuelt å ha lokasjon Stavanger som arbeidsstad. Arbeidsoppgåver Her er nokre av arbeidsoppgåvene: Arbeidsoppgåvene omfattar rekruttering av fosterheimar, mellom anna å planleggje og gjennomføre rekrutteringsprosessar med særleg vekt på familie, nettverk og nærmiljø. Vidare skal ein handsame tilvisingar om fosterheim i tråd med gjeldande rutinar og samarbeide med barn, familiar, barnevernstenesta samt interne og eksterne aktørar for å finne ein eigna fosterheim tilpassa behova til barnet. Stillingane krev at dei som blir tilsett, er fleksible og kan utføre andre oppgåver i fosterheimstenesta ved behov. Det må reknast med noko kvelds- og helgearbeid knytt til enkelte oppgåver. Den faste stillinga er knytt til rekrutteringsavdelinga , som har ansvar for rekruttering av fosterheimar i tett samarbeid med den kommunale barnevernstenesta. Arbeidsoppgåvene omfattar òg å halde informasjonsmøte og gi tett oppfølging av aktuelle fosterheimskandidatar. Vikariatet er knytt til formidlingsavdelinga, som arbeider med handsaming av tilvisingar om fosterheim i samarbeid med barn, familiar og barnevernstenesta. Det må kome tydeleg fram i søknaden kva for stilling du søkjer på. Kva bakgrunn har du? Vi ser etter deg som har: Minimum fullført bachelorgrad eller 180 studiepoeng innan helse- og/eller sosialfag, fortrinnsvis barnevernspedagog eller sosionom. Andre relevante utdanningar som tilsvarar 180 studiepoeng og/eller bachelorgrad kan bli vurdert. God forvaltningsforståing og kunnskap om skriftleg dokumentasjon, lovverk og forskrift. Erfaring og gode haldningar til fleirfagleg og tverretatleg samarbeid rundt barn og familie. Særs god munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk. Sertifikat for bil. I tillegg ønsker vi at du har: Gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi. Relevant vidareutdanning. Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid. Solid erfaring frå barnevernsfeltet, fortrinnsvis frå kommunal barnevernteneste. Kunnskap og erfaring frå innovasjon og prosjektleiing. Personlege eigenskapar Arbeide løysingsorientert, fleksibelt og nyskapande. Handtere komplekse problemstillingar og ta initiativ til å finne gode løysingar i samarbeid med andre. Ha god evne til å samhandle med barn og familiane deira. Arbeide sjølvstendig og sikre framdrift i oppgåver. Aktiv bidragsytar i forbetrings- og utviklingsarbeid og handtere endringar. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt Kva får du hos oss? Stillingane er plasserte i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 620 000 - 710 000 pr. år, stillingskode 1364 seniorrådgivar, p