Postdoktor (3 stillingar) ved Det medisinske fakultet
UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET
| Company | UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET |
| Category | Science & Research |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Contract |
| Level | Mid |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 8 Jul 2026 |
| Last verified | 9 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktor (3 stillingar) Ved Det medisinske fakultet er det ledig tre (3) opne stillingar som postdoktor frå februar 2027. Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100 % stilling. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Postdoktoren kan verte pålagt pliktarbeid ved instituttet eller fakultetet. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing alt etter behovet ved instituttet, og knytt til fakultetet si Forskarline eller ved grunnkurset MEDMET for ph.d.-kandidatar. Undervisningsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk, men på ph.d. utdanninga er det engelsk. Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til, og arbeidsstaden skal i hovudsak vere ved fakultetet. For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Disputas må vere gjennomført og godkjend på tilsetjingstidspunktet God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav Vurdering av søknad: Søknadane blir vurderte ut frå følgjande kriterium: Kandidat: Søkjaren sin kompetanse og relevante faglege aktivitet. Utanlandsopphald i postdoktorperioden tel positivt ved vurderinga. Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, og om det kan gjennomførast innafor rammene for ei postdoktorstilling. Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten og relevant forskingsaktivitet. Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her . Om postdoktorstillinga: Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan difor ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved UiB. Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet på minst 6 månadar inngår i perioden. Forskingsopphaldet i utlandet kan gjerne vere lengre enn eit (1) år så lenge total tilsetjingsperiode ikkje er meir enn fire (4) år. Forskingsopphaldet i utlandet må vere avslutta minst 6 månadar før postdoktorperioden avsluttast. Vi tilbyr: Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Løn for tida kr 690 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi er løn for tida kr 700 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 725 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet). Gode velferdsordningar , inkludert pensjonssparing i statens pensjonskasse, yrkesskadeforsikring, full løn under sjukefråvær i 52 veker og betalt foreldrepermisjon Trening i arbeidstid Norskkurs utan kostnad. Fleksible arbeidsordningar, tilgang til ulike permisjonsordningar og eit støttande og trygt ar