Politiførstebetjent med funksjon som OVA-kontakt (vikariat)
Undisclosed company
| Company | Undisclosed company |
| Category | Uncategorised |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Temporary |
| Level | Mid |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 15 Jul 2026 |
| Last verified | 10 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Om stillinga I Vest politidistrikt, GDE Bergen, Askøy og Øygarden (GDE-BAØ), Bergen Vest politistasjonsdistrikt er det ledig eit vikariat som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som OVA-kontakt fra tiltreding og fram til 01.08.2027. GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt. Bergen Vest politistasjonsdistrikt består av Avsnitt for politipatrulje, Avsnitt for etterforsking, førebyggarar og sivile medarbeidarar. I tillegg har politistasjonsdistriktet ansvar for etterretning og risikovurdering knytt til partnarvald, kor stillinga som OVA-kontakt er plassert. Som OVA-kontakt vil hovudoppgåva di vere å vurdere, gjennomføre og følgje opp bruk av omvend valdsalarm (OVA) i straffesaker innanfor GDE Bergen, Askøy og Øygarden. Avsnittet for etterretning og førebygging har ansvar for risikovurdering av vald i nære relasjonar, og me kan derfor tilby deg eit sterkt fagmiljø og kollegaer med stor engasjement og fagkompetanse. I tillegg til å vere ein del av eige avsnitt, vil du bli inkludert i OVA-fagmiljøet i Vest politidistrikt. Stillinga er ei dagstilling, med arbeidstid mellom 07:30-15:00. Noko reisevirksomhet må påreknast. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Me søkjer ein engasjert medarbeidar til stilling som politiførstebejtent med funksjon som OVA-kontakt. Stillinga har einingsansvar for oppfølging og forvaltning av omvende valdsalarmar (OVA) for heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden. Me ser etter ein strukturert og initiativrik medarbeidar som ønskjer å vera med på å utvikla ei spanande og viktig stilling i politiet. Dette er også ei stilling som har høg prioritet både hos politidistriktet og riksadvokaten. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Ansvarleg for vurdering, førebuing, iverksetjing og oppfølging av OVA (omvend valdsalarm) i alle aktuelle saker i GDE Bergen, Askøy og Øygarden, under dette mellom anna: Gjennomføra kartlegging og risikovurdering Bidra til å identifisere saker som egner seg for OVA Utarbeida forbodssone og gjennomføringsplan Planleggja og organisera på- og avlenkingar Planleggja og organisera eventuelle avtalte brot på forbodssona Vera kontaktperson for trusselutøvar og trusselutsette Vareta nødvendig samhandling med interne og eksterne aktørar Vitne i retten ved behov Sikre notoritet og dokumentasjon i OVA-sakene i eininga Vera ansvarleg for for rapportering, opplæring og kvalitetssikring i eigen geografisk driftsening Ved ledig kapasitet må det påreknast arbeidsoppgåver som ligg til avsnitt for etterretning og førebygging Andre oppgåver pålagt av leiar Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: Vitnemål frå Politiskulen/ Politihøgskulen Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent 3 og minimum 3 års relevant arbeidserfaring frå fagfeltet Kravet om minimum 3 års relevant erfaring frå fagfeltet kan fråvikast ved relevant