Ørsta Brygge Sameige søker vaktmeister
ØRSTA BRYGGE SAMEIGE
| Company | ØRSTA BRYGGE SAMEIGE |
| Category | Operations & Admin |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 9 Jul 2026 |
| Last verified | 9 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Ørsta Brygge Sameige er på utkikk etter ein påliteleg, praktisk og sjølvstendig vaktmeister som kan bidra til at eigedomen vår blir godt teken vare på i kvardagen.
Sameiget består av bustader, næringsseksjonar, fellesareal, tekniske installasjonar og uteområde.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
Er praktisk anlagt og likar varierte oppgåver
Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
Er påliteleg og nøyaktig
Har teknisk forståing eller interesse for bygg og tekniske anlegg
Har evne til å oppdage feil og manglar før dei utviklar seg
Kommuniserer ryddig med styret og bebuarar
Har høve til å følgje opp oppgåver jamleg gjennom veka
Relevant erfaring frå vaktmeisterarbeid, drift av bygg, tekniske anlegg, vedlikehald eller liknande er ein fordel, men personlege eigenskapar og praktisk gjennomføringsevne vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
Arbeidet vil mellom anna omfatte:
Handtering av boss, inkludert ut- og innkøyring av avfallsbehaldarar, montering av nye sekkar og spyling ved behov
Tilsyn med belysning i inngangsparti og felles gangareal
Fjerning av snø etter brøyting ved inngangsparti, samt strøing ved behov
Kontroll og reinsking av taksluk, særleg i periodar med mykje lauv
Spyling av utvendige fellesareal
Dagleg tilsyn med teknisk rom
Reinsking av sjøvassfilter og føring av temperaturar og trykk knytt til varmepumpeanlegget
Mindre førefallande vedlikehald, til dømes enkle målejobbar, mindre reparasjonar, fjerning av ugras og liknande
Kontroll av sprinkleranlegg, avlesing av trykk og testing av alarm
Reinsking/støvsuging av dørskinner i heisane
Rapportering til styret eller teknisk gruppe ved feil, manglar eller behov for større tiltak
Vi tilbyr
Vi tilbyr
Eit fleksibelt deltidsoppdrag med arbeidstid som i stor grad kan tilpassast eigen kvardag
Om lag 30 timar arbeid per månad, basert på dagens vaktmeisterordning
Varierte og praktiske arbeidsoppgåver gjennom året
Stor grad av sjølvstende i planlegging og gjennomføring av arbeidet
God dialog med styret og teknisk gruppe
Om arbeidsgiveren: Ørsta Brygge er eit boligsameige med 57 leiligheter og 3 næringsseksjonar i den flotte og nyrestaurerte Strandgata, rett ved fjorden i Ørsta sentrum. Det tidlegare industribygget som har husa mellom anna møbelfabrikk vart frå 2008 til 2011 pussa opp og gjort om til leiligheter med høg teknisk standard, der samtlige har vannbåren varme.