Leiar Pleie og omsorg
EIDFJORD BYGDAHEIM
| Company | EIDFJORD BYGDAHEIM |
| Category | Healthcare |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Manager |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 13 Jul 2026 |
| Last verified | 9 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Vil du vere med og forme framtidas pleie- og omsorgstenester - i ein liten kommune med stort hjarte, der naturen gjev energi og arbeidsdagen gjev meining?
Dette er jobben for deg som vil vere tett på både folk og fag, og som trivst med å vere ein synleg og samlande leiar. Du får ein arbeidskvardag der du ser menneska bak tala, og der innsatsen din betyr noko.
Som leiar for pleie og omsorg får du ei nøkkelrolle i å utvikle tenestene våre. Du får ansvar for drift, fag, økonomi og personal, og blir ein sentral del av leiargruppa i helse- og omsorgssektoren. Her er det kort veg frå idé til handling -- og du ser resultatet av arbeidet ditt kvar einaste dag.
Arbeidsoppgåver:
Leie og vidareutvikle pleie- og omsorgstenestene i tråd med lovverk, politiske vedtak og økonomiske rammer.
Ansvar for dagleg drift, fag, kvalitet, økonomi og personale
Sikre heilskaplege, trygge og koordinerte pasientforløp.
Arbeide systematisk med kvalitetsforbetring, HMS og pasienttryggleik
Personalansvar for alle tilsette i eininga.
Leie og støtte medarbeidarane og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Planleggje og følgje opp arbeidstid, årsturnus, bemanningsplanar og ferieavvikling
Vidareutvikle rutinar, arbeidsprosessar og organisering av tenestene
Vere ein pådrivar for digitalisering og velferdsteknologi
Arbeide strategisk med kompetanseutvikling, rekruttering og framtidig tenesteutvikling
Jobbe strategisk med kompetanse, rekruttering og utvikling
Samarbeide tett med brukarar, pårørande, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar
Ynskte kvalifikasjonar:
Minimum 3-årig utdanning på høgskule/universitetsnivå
Leiarutdanning og/eller relevant erfaring
Kunnskap og erfaring frå tenesteområdet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det vil vera ein fordel om du har:
Erfaring med personal- og økonomiansvar
Erfaring med utviklings- og endringarbeid
Gode IT kompetanse og interesse for teknologiutvikling
Me ser etter ein leiar som :
Er tydeleg, trygg og tilgjengeleg
Er fleksibel, strukturert og har evne til å prioritere og ta avgjerdsler
Kan leie endringsprosessar på ein inkluderande måte
Bidreg med godt humør og engasjement i kvardagen
Du må vere god på å samarbeide og bruke dine kreative evner og gode humør til å spele kollegaene dine gode
Personlege eigenskapar vil verta vektlagd
Me tilbyr:
Ei spanande og meiningsfull leiarstilling med stor påverknadskraft
Eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar
Eit aktivt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjingsvilkår:
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Velkomen som søkjar!
Anna info
Arbeidsspråk er nynorsk.
Om arbeidsgiveren: Bygdaheimen er basen for pleie- og omsorgstenestene i Eidfjord. Sjukeheimen frå 2019 har 20 plassar fordelt på somatikk og demens, og ligg vakkert til på Brotkanten.
Sjukeheimen har eige kjøken, vaskeri og aktivitetsavdeling. Heimetenesta er integrert med sjukeheimen, noko som gir fleksibilitet, god ressursutnytting og tett samarbeid.
Me har fokus på kvalitet og deltek årleg i faglege nettverk gjennom USHT