Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Lege i spesialisering, onkologi

Undisclosed company
CompanyUndisclosed company
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelEntry
SalaryNot stated by the employer
Posted20 Jul 2026
Last verified10 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Vi søkjer ein lege i spesialisering med eit brennande engasjement for onkologi. Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 01.09.2026, med moglegheit for fleksibilitet når det gjeld oppstartsdato. Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal tilbyr eit breitt og framtidsretta krefttilbod ved fleire sjukehus i fylket: Kreftpoliklinikk, palliativt team, Pusterom og satellitt-Vardesenter ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset og i Kristiansund Onkologiske og palliative senger ved medisinsk sengepost på SNR Hjelset Kreftpoliklinikk, palliativt team og Pusterom i Volda Fylkesdekkjande sengepost, kreftpoliklinikk, stråleterapieining, palliativt team, Pusterom og Vardesenter i Ålesund Onkologi er eit spennande og variert fagfelt i rask utvikling. Nye behandlingsmetodar og stadig fleire behandlingsmoglegheiter gjer at faget er i kontinuerleg endring. Vi ser etter deg som trivst med fagleg utvikling, har interesse for moderne kreftbehandling og ønskjer å arbeide i tverrfaglege team til beste for pasientane. Som LIS hos oss får du eit spesialiseringsløp med tett oppfølging og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. For å oppnå alle læringsmåla i spesialiteten må delar av utdanningsløpet gjennomførast i Ålesund og ved universitetsklinikk. Dette blir tilrettelagt individuelt for kvar enkelt lege. Kreftpoliklinikken vår er kjenneteikna av eit sterkt fagmiljø, godt kollegialt samhald og høg kompetanse. Vi legg stor vekt på rettleiing og oppfølging gjennom heile utdanningsløpet, og har etablert fadderordning for nye LIS-legar. Dei onkologiske legane i seksjonen er organiserte i faggrupper innan gastrointestinal kreft, malignt melanom, uro-onkologi og brystkreft. Dette gir gode moglegheiter for fagleg fordjuping og kompetanseutvikling innan ulike delar av onkologien. Onkologi er òg eit fag med sterke forskingstradisjonar. Klinikken har eige forskingsutval, og for interesserte kandidatar finst det gode moglegheiter for å delta i forskings- og utviklingsarbeid. Seksjonane våre tilbyr eit breitt spekter av onkologiske tenester til pasientar i heile fylket. Vi behandlar også pasientar frå andre helseføretak når faglege og geografiske omsyn tilseier det. Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved SNR Hjelset, men det kan også vere aktuelt å arbeide enkelte dagar ved kreftpoliklinikken i Kristiansund. Arbeidsoppgåver Klinisk arbeid både ved poliklinikken og sengeposten, med varierte og spennande arbeidsoppgåver innan kreftbehandling Vurdering og prioritering av tilvisingar som ein del av pasientforløpet Aktiv deltaking i tverrfaglege møte (MDT), der behandlingsplanar blir drøfta og utforma i samarbeid med fleire faggrupper Vurdering og oppfølging av pasientar med behov for stråleterapi som del av behandlingstilbodet Moglegheit til å delta i kliniske studiar og bidra til forsking og utvikling innan kreftfaget Kvalifikasjonar Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS1) eller gjennomført turnusteneste etter tidlegare ordning Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, som sikrar tydeleg kommunikasjon og god pasientoppfølging Fagleg trygg og klinisk kompetent, med evne til å utøve god medisinsk vurdering og behandling av kreftpasientar Vi legg særleg vekt på kliniske ferdigheiter, engasjement og interesse for arbeid med kreftpasientar gjennom heile pasientforløpet Evne til å møte pasientar og pårørande med respekt, omsorg og profesjonell framferd i krevjande situasjonar Personlege eigenskapar Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide tett saman med kollegaer på tvers av fagområde. Du bidreg aktivt til eit godt samarbeid og ser verdien av å dele erfaringar og kompetanse med andre Du trivst i eit aktivt, framoverlent og hektisk arbeidsmiljø, og evnar å halde oversikt og ta gode avgjerder også når arbeidsdagen er travel og uforutsigbar D