Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Kommuneveterinær

Undisclosed company
CompanyUndisclosed company
CategoryUncategorised
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted29 Jul 2026
Last verified9 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
K inn kommune søker ein engasjert veterinær til ei variert stilling med forvalting innan landbruk på dagtid og deltaking i klinisk veterinærvakt i kvelds- og helgevaktordning. Stillinga kan tilpassast etter kompetanse og ynskjer , Kinn kommune ynskjer å styrke veterinærdekninga i vaktdistriktet. Det er difor beslutta å ansette ein veterinær. Stillinga vil bli på dagtid i veka som ansatt i kommunen.  Ein må og inngå i vaktordning med turnus 1 dag i veka og kvar 4 helg. Denne delen er finansiert av statlege midlar og det er eit krav for å bli ansett i kommuneveterinær stillinga at ein skal gå i vaktordninga. Kinn kommune har ansvaret for klinisk veterinærvakt i Kinn vaktdistrikt som omfattar Søre Kinn, Søre Bremanger og Naustdal (Sunnfjord kommune). Ein må difor påberekne ein del køyring i vaktordninga. Kommunen sitt oppdrag innan landbruksforvaltninga er å ta vare på landbruket, miljøet og naturgrunnlaget, og vi skal levere gode tenester og vere ein god samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motivert medarbeidarar. I kommunen har vi om lag 150 søkarar av produksjonstilskot og dei viktigaste landbruksproduksjonane er mjølk, kjøt og grovfor. Hjorteforvaltning er viktig i Kinn og det vert felt over 1000 dyr kvart år i kommunen. Kinn kommune er ein av dei mest mangfaldige kommunane i landet og her finn ein det meste av urbane tenester, trivelege bygder og ein natur som spenner frå storhavets bølgjer til mektige brear i det indre. Moglegheitene for friluftslivet er utømelege. Kommunen er med over 17 000 innbyggarar ein av dei største i Vestland fylke, og byane Florø og Måløy er administrasjonssenter. Stillinga er med kontorplass Florø og ligg til landbruk under avdelinga arealforvaltning og byggesak. Avdelinga har 22 tilsette og eit godt arbeidsmiljø Arbeidsoppgåver Oppfølging av næringssaker innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar i landbruket Rettleiing innan saksfelta dyrehald, vilt- og utmarksforvaltning Oppfølging av veterinærvaktordninga Bidra til å rekruttere veterinærstudentar og være med i mentorordninga Vaktordninga gjeld både kjæledyr og produksjonsdyr Deltakelse i kommunal beredskapsvakt på kveld/helg, der målet er 4 veterinærar i ordninga i fast turnus 1 dag i veka og kvar 4. helg Helse- og dyrevelferdsoppgaver Eventuelle andre oppgåver  Kvalifikasjonar For stillinga: Autorisasjon: Det vert krevd at søkar har autorisasjon som veterinær Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  Gode samarbeidsevner Nyutdanna oppfordras til å søke Tillegg for Klinisk veterinærvakt: Dersom leverandøren er eit enkeltpersonføretak, skal innehavaren av føretaket vere autorisert veterinær Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak EIn må påberekne og halde eige utstyr og eigna lokale i vaktordninga Leverandøren skal ha ordna forhold for innbetaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift Bestått Inseminasjonskurs Evne til å jobbe sjølvstendig på vakt Personlege eigenskapar Gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar vil bli tillagt stor vekt Initiativrik, sjølvstendig, ryddig, serviceinnstilt og målretta  Integritet. Endringsvilleg og pragmatisk Vi tilbyr Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø Løn etter avtale Telefonordning Gode pensjonsvilkår  Stillingsandel knytt til forvalting kan tilpassast etter ynskje. Vi kan tilpasse stillinga mellom 70–100 % etter avtale. Konkurransedyktig lønn + godtgjørelse for vakt Mulighet for å påvirke arbeidstid  Faglig utvikling og støtte til kurs Tverrfaglig samarbeid og gode kollegaer Hjelp til å skaffe bolig KontaktinformasjonLeni Marie Lisæter, Plansjef i Kinn, +47 99029461 ArbeidsstadStrandgata 30 6905 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5100309151 Stil