HR-rådgjevar
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
| Company | UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN |
| Category | HR & Recruiting |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 20 Jul 2026 |
| Last verified | 10 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Om Fakultet for naturvitskap og teknologi Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet)er eitt av sju fakultet ved Universitetet i Bergen. Fakultetet består av sju institutt som saman utgjer grunnstammen i forsking og utdanning innan matematikk, kjemi, fysikk, informatikk, samt geofysiske, geovitskaplege og biologiske fag. Fakulteteter òg vertskap for UiB sine satsingsområde UiB Hav og UiB Klima og energiomstilling. Fakultetet har om lag 900 tilsette frå over 60 nasjonalitetar, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliard kroner. Du kan lese meir om fakultetet her: https://www.uib.no/nt HR-rådgjevar – ver med å utvikle framtidas HR ved UiB Vi søkjer ein HR-rådgjevar som brenn for HR-faget og er ein solid støtte i operativt og strategisk HR-arbeid ved Fakultet for naturvitskap og teknologi. Som HR-rådgjevar ved NT-fakultetet får du arbeide tett på leiing, forsking og utdanning i eit av landets leiande forskingsmiljø. Universitets- og høgskulesektoren er i stadig endring, prega av internasjonalisering, digital transformasjon og nye kompetansebehov. Stillinga gir høve til å bidra til utvikling av framtidas HR-tenester i ein av Noregs største kunnskapsorganisasjonar, og vi ser etter deg som ønskjer å kombinere operativt HR-arbeid med analyse, utviklingsarbeid og forbetring av arbeidsprosessar. Stillinga er plassert i HR-seksjonen, som består av 11 medarbeidarar. HR-seksjonen yter operative og strategiske HR-faglege tenester til fakultetet sine åtte faglege einingar, fakultetsleiinga og fakultetsadministrasjonen. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan rekruttering, personalforvaltning, organisasjonsutvikling og leiarstøtte. Arbeidsoppgåver Som HR-rådgjevar vil du mellom anna: vere rådgjevar og sparringspartnar samt operativ støtte for leiarar i HR‑og personalfaglege spørsmål, inkludert arbeidsrett og personalforvaltning planleggje, gjennomføre og kvalitetssikre rekrutteringsprosessar handtere sakshandsaming og utarbeide saker til tilsettingsorgan og andre utval utarbeide analysar, statistikk og beslutningsgrunnlag for leiinga bidra til utvikling, forbetring og digitalisering av HR‑prosessar og administrative tenester bidra til onboarding og oppfølging av medarbeidarar delta i eller leie prosjekt, arbeidsgrupper og utviklingsinitiativ Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med utviklinga av fakultetet og dei administrative tenestene ved UiB. Kvalifikasjonar og eigenskapar Du må ha utdanning på mastergradsnivå innan relevante fagområde, eller bachelorgrad kombinert med omfattande relevant erfaring relevant erfaring frå HR-arbeid, rådgjeving eller personalforvaltning god kjennskap til relevant lov- og avtaleverk god digital kompetanse og interesse for nye arbeidsformer og digitale verktøy god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norskog engelsk Det er ein fordel dersom du har erfaring fråHR-arbeid i statleg sektor, særleg universitets- og høgskulesektoren erfaring med rekruttering av vitskapleg personale erfaring med analyse-, utviklings- og forbetringsarbeid kjennskap til korleis teknologi og KI-verktøy kan nyttast i administrative arbeidsprosessar Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er strukturert og operativ med høg gjennomføringsevne er handlekraftig og tek ansvar er analytisk og løysingsorientert har interesse for utvikling og forbetringsarbeid har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging stårtrygt ikrevjandesituasjonarog utfordrande problemstillingar Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi kan tilby lønn i