Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
CompanyHELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted5 Aug 2026
Last verified8 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar. Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.  Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset. Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane: Barne- og ungdomsklinikken Nevroklinikken Kvalifikasjonar (overskrift) Barne- og ungdomsklinikken  BUK-kontor er ein eining med 17 årsverk fordelt på 22 tilsette. Eininga er organisert i team, inndelt etter fagseksjonar, og arbeidet blir utført gjennom rullering mellom ulike arbeidsstasjonar. Arbeidsstasjonane omfattar mottak for barn og unge, resepsjon (bemanna i samarbeid med KK), telefonbetening, inntaksdagar med planlegging og innkalling av pasientar, måle- og vektstasjon samt beinmargsutstryk. I tillegg bemannar eininga tre sengepostar med postsekretærar. Denne stillinga inngår ikkje i den ordinære rulleringsordninga.  Eininga har 2-delt turnus i mottaket for barn og unge og i resepsjonen i Glassblokkene, som bemannast i samarbeid med KK. Turnusen omfattar dag- og kveldsvakt, og arbeid på helgar og heilagdagar må påreknast. 2-delt turnus (vakter: 07:00-1430, 08:00-15:30, 11:30 - 19:00, 10:00 - 18:00, 15:30 - 22:30). Arbeidsoppgåver vil vere beinmargsutstryk, måling og veging av barn/ungdom før legekonsultasjon. Kontakt: Sissel Iversen, Tlf. 40833399 Nevroklinikken består av Nevrologisk avdeling, Nevrokirurgisk avdeling, Avdeling for Klinisk nevrofysiologi, Logopedtenesta og Neuro-SysMed. Klinikken tar årleg imot nær 8000 pasientar for innlegging og om lag 18.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon. Ved Nevrokirurgisk avdeling blir det utført omkring 1200 inngrep kvart år, av dei over 370 behandlingar i Strålekniv (gammakniv). Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene ved Nevroklinikken, og vi har eit av dei største forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus. Merkantil teneste i Nevropoliklinikken utfører eit breitt spekter av oppgåver for dei ulike einingane i klinikken. Vi har nå ledig 100% fast stilling som sekretær/helsesekretær med oppgåver knytt til poliklinikk og sengepost ved Nevrologisk avdeling. Det må påreknast å utføre oppgåver elles i klinikken ved behov. Arbeidsoppgåver vil vere pasientadministrative oppgåver, telefon/resepsjonsteneste, bestilling av transport/overnatting/tolk med meir, økonomisk oppgjer, yte service til pasientar, pårørande og kollegaer og andre oppgåver i klinikken ved behov. Vi ser etter ein medarbeidar som er målretta, strukturert og sjølvstendig, du trivst i eit tverrfagleg miljø, du er fleksibel og likar varierte utfordringar, du meistrar høgt arbeidstempo og har god evne til å prioritere, du er profesjonell og empatisk i møte med pasient og pårørande, du likar å arbeide i team, du har evne til omstilling og du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  Kontakt:  Mette Myhre, Tlf 55978230 Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling  Pasientadministrative oppgåver Telefon/resepsjonsteneste Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir Økonomisk oppgjer Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr/transport/tolk Ved Avdeling for medisinsk genetikk bistår sekretærane mellom anna med blodprøvetaking, mottak og registrering av pasientprøver, og tegning av slektstre Kvalifikasjonar Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær Helsesekretær må ha norsk autorisasjon Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav Du må ha gode IKT-ku