Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Fengselsbetjenter Hustad fengsel

HUSTAD FENGSEL
CompanyHUSTAD FENGSEL
CategorySecurity
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted27 Jul 2026
Last verified12 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Vil du jobbe ein stad der du lærer mykje, får ansvar og jobber med gode folk?  Hustad fengsel søker etter fengselsbetjentar i 100 % fast stilling i turnus. Vi søker også etter tilkallingsvikarer.  Hos oss får du gjere litt av alt: alt frå tett miljøarbeid og kontaktbetjentoppgåver til mottak, isolasjon og generell oppfølging av innsette. Du blir ein allrounder med brei erfaring og stor påverknadskraft i kvardagen. Her blir du ikkje låst i ei rolle - hos oss lærer du heile spekteret av fengselsfaget.  Vi ser etter deg som vil vere rollemodell, samtalepartnar og rettleiar - og som kan sette grenser når du må, vise omsorg når du kan, og bidra til å løyse konflikter før dei veks seg store. Ditt bidrag gjer ein forskjell - både for fellesskapet og enkeltmennesket.  Dette er Hustad fengsel  Hustad fengsel ligger vakkert til i Hustadvika kommune, midt mellom Molde og Kristiansund. Fengselet har 60 plassar fordelt på høg og låg sikkerhet, og vi er rundt 60 tilsette i tillegg til ulike eksterne tenester som skule, helse, NAV, bibliotek og prest.  Hos oss får du:   • ein variert arbeidskvardag med meningsfulle oppgåver  • eit fagmiljø der du får utvikle deg, delta i kurs og lære heile spekteret av faget  • eit tverrfaglig samarbeid som gir god støtte - både for deg og de innsette  • spennande satsinger på mellom anna rusmestring, butikkdrift og arbeidstrening Vi legg stor vekt på at både tilsette og innsette skal trives. Det merkast - og det gjer noko med kvardagen.  Hos oss får du også:   • aktiv og sosial velferdskomité med jevnlige arrangement for tilsette • pendlarbustad og dekning av flytteutgifter • trening i arbeidstida og eige treningsrom • avsett tid i turnus til opplæring/utvikling/kompetanseheving • avslappingsrom og kantine med fantastisk god mat • gratis parkering og lademoglegheit for elbil • statlege pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse • årslønn fra kr 500 000-  630 000, pr år, avhengig av kompetanse og ansiennitet (det vert trukket 2 % innskudd i Statens pensjonskasse). I tillegg kompenseres det for kveld-, helge, og nattarbeid etter statens regulativ. Arbeidsoppgåver Avdelingsteneste og daglege oppgåver knyttet til innsette Kontaktbetjentarbeid, miljøarbeid og soningsplanlegging Tverrfaglig samarbeid og dokumentasjon Forebygging og motivering av innsette til eit lovlydig liv etter lauslating Bidra til fagleg og sikkerhetsmessig utvikling ved avdelinga Ivaretaking av sikkerhet for tilsette og innsette  Andre rutineoppgåver  Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Utdanning og erfaring Du må ha bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy god munnleg og skriftleg framstillingsevne førarkort klasse B Personlege eigenskapar kommuniserer godt og samarbeider lett med andre sjølvstendig, systematisk og målretta i møte med innsatte er  trygg, tålmodig og har evne til å motivere mennesker i krevjande livssituasjonar tåler uforutsigbarhet og kan sette grenser med respekt  bidrar til eit godt arbeidsmiljø Generell informasjon Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.   Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.     Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilset