Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Er du vår nye LIS3?

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS
CompanyHELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelEntry
SalaryNot stated by the employer
Posted15 Jul 2026
Last verified7 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
🔷  100 % fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus  🔷 Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karriera di, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg! Treff nokre av medarbeidarane våre i denne videosnutten! Kvifor velje Førde? Hos oss får du: Ein trygg start i eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og fulgt opp Variert praksis og erfaring med bildediagnostikk Tett rettleiing frå erfarne spesialistar og gode moglegheiter for fagleg utvikling Eit sosialt og støttande arbeidsmiljø med låg terskel for å stille spørsmål Stillinga som LIS innheld vakt i 6-delt vaktskikt. Noverande arbeidsplan gir ei friveke kvar sjette veke. Vi er fleksible når det gjeld oppstartstidspunkt. Dette får du hos oss: Eit LIS-løp med god struktur og individuell oppfølging Kurs og undervisning som støttar spesialiseringa di Moglegheit for å delta i forsking og fagutvikling Sosiale arrangement og eit inkluderande kollegium Eit godt arbeidsmiljø med støtte frå erfarne kollegaer Rekrutteringstillegg Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss! Kvalifikasjonar (overskrift) Kven passar stillinga for? Vi ser etter deg som: Er ferdig med medisinstudiet, har gjennomført LIS1 og ønskjer å spesialisere deg innan radiologi Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå  www.helse-forde.no   Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet! I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.   Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBørge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 578 39 393 ArbeidsstadSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5156077521 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.  Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stil