Driftsteknikar
VOLDA KOMMUNE EIGEDOMSAVDELING
| Company | VOLDA KOMMUNE EIGEDOMSAVDELING |
| Category | Uncategorised |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 4 Aug 2026 |
| Last verified | 12 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Vi søker etter driftsteknikar for eigedomsavdelinga i Volda Kommune. Som driftsteknikar med oss får ein ein svært allsidig arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver, både avanserte tekniske utfordringar, og menneskenære oppgåver. Vi har etter kvart mange moderne og driftsmessig spanande bygg. Ein arbeider sjølvstendig og i team med andre kollegaer. Ein samarbeider tett med kollegaer i eigen avdeling og tilsette elles i Samfunnsutvikling, -og med tilsette i andre sektorar særleg innan Oppvekst og Helse/omsorg. Ein driftsteknikar i Volda Kommune har stor innverknad på sin eigen arbeidskvardag. Som driftsteknikar får du ansvar for oppfølging av eit antall bygg. Ein har oppmøteplass og base i bygget til Volda Brannstasjon, Prestegata 33. Kvar einskild driftsteknikar disponerer bil og utstyr rigga til arbeidsoppgåver som ligg til stillinga. Vi vil oppmode kvinner om å søke på stillinga.
Arbeidsoppgåver Driftsteknikar sine arbeidsoppgåver er hovudsakleg drift og vedlikehald av kommunale bygg. Volda kommune har fleire nye bygg som vil vere fagleg utfordrande og inspirerande å jobbe med. Arbeidsoppgåvene er varierte, og ein vert utfordra på fleire fagfelt som bygg, ventilasjon, elektro, vvs og anlegg. For denne stillinga ser vi særleg etter ein person som skal gå inn i vårt kontrollteam for kommunale leikeplassar i tillegg til ordinære driftsteknikaroppgåver. Til dette ligg tilsyn med kommunale leikeplassar i våre 8 kommunale barnehagar, 7 skular og frittståande aktivitetsparkar som stadionparken, rådhusparken og aktivitetsparken i Grodås. Her er det ein stor fordel med erfaring frå HMS-arbeid, kjennskap til ROS-analyser med tilliggande arbeidsoppgåver. Opplæring både intern og ekstern vil bli gitt. Arbeidsoppgåvene og dermed arbeidskvardagen vert administert gjennom FDV systemet FamacWeb. Kvalifikasjonar (overskrift)Har du fagbrev eller erfaring innan rør/VVS, mekanisk arbeid, byggfag og byggdrift er det ein fordel, men andre dokumenterte kvalifikasjonar er interessant for oss. Eigedomsavdelinga i Volda Kommune tek mål av seg å vere leiande på digital kompetanse innan fagfeltet. Så har du må ha digital kunnskap og interesse er avgjerande for oss, spesiellt erfaring og bruk av Office 365. Politiattest vert å legge fram der det er eit krav Førarkort kl B er nødvendig i det daglege arbeidet. BE, Truck, stillas og liftkurs er ynskeleg og vil bli vektlagt.. Personlege eigenskapar for stillinga er: Ansvarsbevisst Gode kommunikasjonsevner Gode skriftlige og munnlege ferdigheiter i norsk Løysingsorientert og serviceinnstillt Kunne arbeide i team Kunne bruke data som arbeidsverktøy Identifisere seg med kommunen sine kjerneverdiar: RAUS MODIG KOMPETENT LÆRANDE Faglege utfordringar Varierte arbeidsoppgåver Gode pensjon og forsikringsordningar Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv Naudsynt opplæring og kursing Fleksitidsordning Løn etter kvalifikasjonar KontaktinformasjonOdd Harald Sundal, Seksjonsleiar, +47 96012601
ArbeidsstadPrestegata 33
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5157951992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.08.2026
Om arbeidsgiveren: Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tils