Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

80% vikariat som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse avd. Jondal

ULLENSVANG KOMMUNE RUS OG PSYKISK HELSE AVD JONDAL
CompanyULLENSVANG KOMMUNE RUS OG PSYKISK HELSE AVD JONDAL
CategoryHealthcare
LocationNO
Remote
EmploymentTemporary
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted23 Jul 2026
Last verified11 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
  Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!   Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig eit 80% vikariat som helsefagarbeider, frå august 2026 og eit år fram i tid.     Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.   Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte. Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg.   Dersom dette høyres interessant ut, håper me du søkjer! Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.   Arbeidsoppgåver: Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale Tverrfagleg samarbeid Dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn Legemiddelhåndtering Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik Medverke til godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav: Autorisasjon som helsefagarbeidar (relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning) Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg Førarkort klasse B er ein fordel   Personlege eigenskapar: Fleksibel og engasjert   Godt humør og positiv innstilling God samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig Evne til god kommunikasjon, vere reflektert og kunna skapa gode relasjonar til brukarane og pårørande Evne til å behalde ro i utfordrande situasjonar Evne til å tenkje nytt og å vere kreativ Personlege eigenskapar blir vektlagt   Me tilbyr: Varierte arbeidsoppgåver og arbeidsdagar Spennande og meiningsfylt arbeid  Lønn etter hovudtariffavtalen Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen Fleksibel arbeidstid med mogelighet for arbeid 3. kvar eller 4. kvar helg, ordinære vakter eller langvakter.  Gode permisjons- og pensjonsvilkår. Fadderordning for nytilsette   Krav: Politiattest jfr gjeldande lov Krav til førarkort: ønskeleg men ikkje eit krav   Dersom dette høyres interessant ut, håper me at nettopp du søkjer!  Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova:   Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak