1 års vikariat som miljøterapeut i full stilling i bu og miljø
VIK KOMMUNE HEIMETENESTER
| Company | VIK KOMMUNE HEIMETENESTER |
| Category | Healthcare |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Temporary |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 7 Aug 2026 |
| Last verified | 8 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Vik kommune har ledig eit vikariat i 100 % stilling som miljøterapeut i heimetenestene 2, bu og miljøtenesta. Stillinga er ledig frå snarast. Om arbeidsstaden Kommunen er liten men tenkjer stort. Me byggjer nye og moderne lokale med sjukeheim, og lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen! Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg. Me tilbyr Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid Årsturnus Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad Vera pådrivar for eigenmeistring Deltaking i ulike prosjekt Dokumentasjon, laga og evaluera tiltaksplanar Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga Me søkjer Krav til kompetanse Det er ønskjeleg med utdanning som vernepleiar, men andre med relevant høgskuleutdanning er velkomne til å søkje. God norsk munnleg og skriftleg kompetanse Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing Personlege eigenskapar Me søkjer deg som kan gjera kvardagen god for andre, og har desse eigenskapane: Fagleg engasjert og profesjonell i yrkesutøvinga Interesse for arbeid med menneske med funksjonsvariasjon God i kommunikasjon, relasjon og samarbeid med andre Fleksibilitet og godt humør vert vektlagt Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Andre opplysningar Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Søknadsprosedyre Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.