Tilkallingsvikar
HERØY KOMMUNE PLEIE- OG OMSORGSAVDELINGA ADMINISTRASJON
| Company | HERØY KOMMUNE PLEIE- OG OMSORGSAVDELINGA ADMINISTRASJON |
| Category | Operations & Admin |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Temporary |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 24 Jul 2026 |
| Last verified | 30 Jul 2026 |
| Source | Government feed (eures) |
Description
Vil du være en del av eit viktig og triveleg fagmiljø? Vi søkjer etter ein serviceinnstilt tilkallingsvikar til ein variert og meiningsfull arbeidskvardag ved legesentera i Herøy og Myrvåg. Du kan stille på kort varsel ved fråvær. Vi ønskjer kontakt med deg som er helsesekretær, sjukepleiar eller bioingeniør.
Arbeidsoppgåver Laboratorie prøvetaking og andre laboratorieoppgåver handtering av prøver og laboratorieutstyr enkle analysar og kvalitetskontroll sårstell og andre prosedyrer på skiftestuene Ekspedisjon mottak og registrering av pasientar telefon og timebestilling journalarbeid, arkiv, og skanning av dokument Kvalifikasjonar autorisasjon som helsesekretær,sjukepleiar eller bioingeniør erfaring fra legekontor eller anna relevante helsetenester er en fordel gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg gode digitale ferdigheiter. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden. Personlege eigenskapar serviceinnstilt og imøtekomande strukturert og ansvarsbevisst fleksibel og løysingsorientert gode samarbeids- og kommunikasjosevner Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engassjerte kollegaer varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver opplæring eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bor og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. KontaktinformasjonAina Huldal, Seksjonsleiar legetenesta, +47 41403350
ArbeidsstadEggesbøvegen 11
6092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5157849688
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 07.08.2026
Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !