Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Sundheimen

SUNDHEIMEN
CompanySUNDHEIMEN
CategoryUncategorised
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted27 Jul 2026
Last verified2 Aug 2026
SourcePublic employment agency (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Ein av våre tilsette pensjonerer seg og vi har  ledig stilling pt. knytt til somatisk avdeling. Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg! Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til og er i gang med sjukepleiarteam. Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase. Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med totalt 54 senger. Det er somatisk-  , demensavdeling og heildøgns omsorgsbustader. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politiske føringar på at fleire omsorgsbustader blir knytt til . Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar. Arbeidsoppgåver: Heilskapleg omsorg for eldre menneskje Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar Utføre leiarskap når naudsynt. Ivareta pasientane sine individuelle behov Sørge for god dokumentasjon i Aidn( nytt epj. frå mai 2026) Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette Handtere velferdsteknologiske løysningar Enklare  Laboratorie-arbeid  Kvalifikasjonar:  Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Digital kompetanse    Eigenskapar: Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert Du er engasjert og ansvarsbevisst Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive Personleg eignaheit blir vektlagt  Anna: Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff. Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år eller langvakter i årsplan og 12 helger pr år Ekstra helg planlagt i årsplan 1. desember.    Vernepleiar kan bli vurdert for stilling Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff. Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse. Vi tilbyr: Mentorordnining  satt i system Sjukepleiefaglege utfordringar Spennande og variable kvardagar  Arbeid i sjukepleiarteam Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Høve til fagleg og personleg utvikling Rekrutteringstillegg Gode pensjons- og forsikringsordningar Gratis parkering og det er mogleg å lade Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om  Startlån   Kontakt: Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569  [email protected] Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal . 56160400/96942550 [email protected] Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalif