Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Sjukepleiarar

HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS
CompanyHELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS
CategoryUncategorised
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted28 Jul 2026
Last verified30 Jul 2026
SourceGovernment feed (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus:  100 % fast stiling, oppstart frå 24.08.2026  100 % årsvikariat,  oppstart frå 24.08.2026  Oppgi gjerne i søknaden kva stiling du er interessert i, og om begge er aktuelle.  Arbeidstid Stillinga inngår i 3-delt turnus Arbeid kvar tredje helg Om avdelinga Ortopedisk sengepost har omlag 38 årsverk fordelt på sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeiderar. Vi held til i nye og moderne lokale i "Livabygget".  Du vil møte pasientar innan: traumatologi handkirurgi skulderkirurgi protesekirurgi – hofte, kne, skulder fotkirurgi ryggkirurgi Førde - Sunnfjord kommune  Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår:  Sunnfjord kommune Arbeidsoppgåver Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter Du har gruppeleiarfunksjon ved behov Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar  Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Relevant sjukehuserfaring Personlege eigenskapar Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  KontaktinformasjonHåvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854 ArbeidsstadSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5147109916 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.  Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
HOUSE ADYour CV gets thirty seconds.CV writing and honest review. English & Greek.kaeros.app →
Sjukepleiarar — HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS · Job Opportunities API