Job Opportunities API

The Public Ledger of Openings

← Back to the ledger

Overlege

Undisclosed company
CompanyUndisclosed company
CategoryUncategorised
LocationNO
Remote
EmploymentFull-time
LevelNot stated
SalaryNot stated by the employer
Posted30 Jul 2026
Last verified30 Jul 2026
SourceGovernment feed (eures)
Applications are handled by the employer, not by us.Apply on the employer's site →
Description
Vi søkjer overlege til Klinikk sikkerheitspsykiatri. Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved Klinikk sikkerheitspsykiatri. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består av seks seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Lokal sikkerheit rehabilitering (LSR), Fengselshelsetenesta, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri og Sikkerheitspoliklinikken. Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar, kontinuitet og stabilitet i behandlinga. Gjennom Program for psykisk helsevern for framtida vil Klinikk sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Formålet er å skape eit nytt kapittel der vi utviklar eit langsiktig og heilskapleg tilbod for pasientar med samansette behov. I åra som kjem vil vi arbeide for større differensiering av tenestene, meir samanhengande pasientforløp og styrkt integrasjon mellom døgnbehandling, rehabilitering og poliklinisk oppfølging. Dette er ei unik moglegheit til å vere med og forme framtida innan sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen. Vi har no ledig ei 100% fast stilling som overlege med arbeidsoppgåver knytta til Lokalt sikkerheitsnivå: Sikkerheitspoliklinikken, Lokal sikkerheitsavdeling (LS) og Lokal sikkerheit rehabilitering (LSR). Stillinga gir anledning til å arbeide på tvers av døgn- og polikliniske tenester, og til å bidra i behandling, rehabilitering og oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske lidingar, ofte kombinert med høg valdsrisiko, personlegdomsproblematikk og ruslidingar. Overlegen vil få ei sentral rolle i den faglege utviklinga av behandlingstilbodet og i arbeidet med å vidareutvikle samanhengande pasientforløp mellom innlegging, rehabilitering og poliklinisk oppfølging. Stillinga gir gode moglegheiter for fagleg fordjuping, undervisning, rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar. Arbeidsoppgåver Fagleg ansvar for pasientar ved Lokalt sikkerheitsnivå med hovudstilling i Sikkerheitspoliklinikken Deltaking i inntaksteamet på Lokalt sikkerheitsnivå Klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, valdsrisikovurderingar og handtering Gje rettleiing til øvrig personell, kommune og andre samarbeidspartnarar Delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken, samt på tvers i divisjonen Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege med spesialitet innan psykiatri Erfaring frå sikkerheitspsykiatri/rettspsykiatri og rehabilitering vil bli vektlagt Interesse for organisasjonsutvikling og erfaring med implementering Ønskeleg med interesse for sikkerheitspsykiatri Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Vandelsattest må leggast fram før tilsetjing Førarkort Personlege eigenskapar Evne og vilje til å gjennomføre heilskaplege sikkerheitspsykiatriske pasientforløp Inkluderande samarbeidsstil Bidrar positivt i arbeidsmiljøet Trivst å arbeide i team og med ei krevande pasientgruppe Gode kommunikasjonsevner Personleg egnethet blir vektlagd ved tilsetjing Vi tilbyr Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter Moglegheit for deltaking i interne og eksterne kurs/ konferansar Godt fagmiljø Løn etter gjeldande avtaler Gode pensjons- og forsikringsvilkår Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarthe Halvorsen Kjærstad, Seksjonsleiar, 90936016 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF R
HOUSE AD1,014,484 openings. Erioun finds yours.Scored against your own profile, every hour.Try the radar →
Overlege — Undisclosed company · Job Opportunities API