Kokk
HELSE FØRDE HF INDRE SOGN PSYKIATRISENTER
| Company | HELSE FØRDE HF INDRE SOGN PSYKIATRISENTER |
| Category | Hospitality |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 14 Jul 2026 |
| Last verified | 30 Jul 2026 |
| Source | Government feed (eures) |
Description
Matforsyning i Helse Førde har ledig 40 % fast stilling som kokk ved Indre Sogn psykiatrisenter. Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Indre Sogn psykiatrisenter? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som ein del av i eit viktig samfunnsoppdrag. Indre Sogn psykiatrisenter er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Førde. Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet. Dersom det blir tilsett ein intern søkjar, kan det bli ledig ei tilsvarande 40 % fast stilling ved produksjonskjøkkenet ved Førde sentralsjukehus. Merk søknaden med kva stilling du søkjer på. Dagarbeid, 37.5 timars veke.
Kva går jobben ut på? Som kokk hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som arbeider for trygge og gode måltid til pasientar og tilsette. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: tillaging av varm og kald mat tilrettelegging av spesialkost og diettar planlegging og gjennomføring av måltid etterleving av hygienekrav og rutinar (IK-mat) varebestilling og lagerhald samarbeid med andre faggrupper Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: fagbrev som kokk gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er ein fordel om du: har erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken har kunnskap om spesialkost og ernæring har erfaring med IK-mat og relevante datasystem Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team er strukturert og har god orden i arbeidet ditt samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt i arbeidsmiljøet er fleksibel og handterer ein variert arbeidskvardag er oppteken av kvalitet og gode matopplevingar Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du bidreg direkte til pasientane sin kvardag. Vi tilbyr: eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver moglegheit for fagleg utvikling løn etter gjeldande avtaleverk gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Kjenner du deg igjen i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne-Marie Furehaug, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 511
ArbeidsstadDalavegen
6856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5148207524
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 09.08.2026
Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
You found the opening. Now track it.Tracker, radar and AI drafts in one place.erioun.com →