Helsefagarbeidar
Undisclosed company
| Company | Undisclosed company |
| Category | Healthcare |
| Location | NO |
| Remote | — |
| Employment | Full-time |
| Level | Not stated |
| Salary | Not stated by the employer |
| Posted | 21 Jul 2026 |
| Last verified | 3 Aug 2026 |
| Source | Public employment agency (eures) |
Description
Om stillinga Eining Habilitering har bustader for personar med utviklingshemming som ligg sentralt i Sveio sentrum. Åsvegen bueining søkjer nå to nye helsefagarbeidarar i 100% stilling. Stillingane høyrer primært til denne avdelinga, men den tilsette arbeider ved begge sentrumsavdelingane til Habilitering, Stemhaugen - og Åsvegen bueining etter behov. Den eine stillinga har bemanningsvakter, som vert brukt i eining Habilitering. Denne stillinga dekkjer behov ved fleire avdelingar. Her får ein fast turnus, men jobbar der behovet er på aktuell vakt. Har du lyst å arbeida i eit spannande fagmiljø, med brukar med samansatte utfordringar, er du den rette for oss. Me nyttar attraktiv langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg og vakter på inntil 14 timars varigheit. Dette er ein turnus som er godkjent for 1 år om gangen. Frå februar 2027 vil eininga ta i bruk årsturnus. I stillinga følgjer du brukar fra morgon til kveld, og er med på tilrettelagt arbeid og fritidsaktivitetar. Dette gjer dagen forutsigbar for brukar og deg som tilsett. Ein vert kjent med alle brukarane som bur hos oss, slik at ein får variasjon i arbeid og kan væra med på å tenkje heilhetleg for drifta. Saman med gode kollegaer og godt fagarbeid, får du gjennom denne stillinga moglegheit for å gjere kvardagen til våre bebuarar fin gjennom god livskvalitet og mestring. Arbeidsoppgåver Arbeide med utviklingshemming og psykisk helseutfordringar Ha interesse og erfaring med utfordrande atferd Medikamenthandtering Kunne vurdera og ta avgjersler i utfordrande situasjonar Kvalifikasjonar Autorisert helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning på fagarbeidar nivå kan også søkje Videreutdanning innen psykisk helse, PAS eller anna relevant utdanning kan være ein fordel Erfaring frå arbeid med utfordrande atferd og psykisk helse er ein fordel Personleg egnethet vil bli vektlagt Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utfører arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig Førarkort kl B, manuell gir Godkjent politiattest Personlege eigenskapar Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver Du likar å finne løysingar saman med dine gode kollegaer Gjere deg kjent med tidlegare erfaringar om brukar, og utvikle fagarbeidet Evnar å stå i tøffe situasjonar og taklar utfordring og stressa situasjonar på ein tilfredsstillande måte Være fagleg engasjert, og held deg fagleg oppdatert Jobba målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og kontruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande Vi tilbyr Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar Om arbeidsgiveren: Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
You found the opening. Now track it.Tracker, radar and AI drafts in one place.erioun.com →